torsdag 3. mai 2018

Eigedomsgrenser i kartet

Som de kan henda har fått med dykk, har bakgrunns-kartet (Topografisk) «mangla» eigedomsgrenser i det siste.

Dette er avdi Kartverket har endra tenestene sine. Tidligare fekk ein topografisk kart med grunnkart og matrikkeldata, eigedomsgrenser, samla -  medan kartverket no har utelete eigedom i den nye tjenesta.

Difor er det lagt til ein ny kategori i tema som du kan velja. Den heiter Basisdata. Som standard er Eigedom slått på når du slår opp i kartet. Grenser vil syna frå  1:10000 og eigedomstekst frå 1:2500.

I kategorien Basiskart finn du også fleire andre aktuelle datalag som kan slåast av/på etter behov.

Desse datasetta vert spegla direkte fra nordhordland digitalt sin eigen servar på dagleg basis (med unntak av Vegnett. Dette er en WMS fra Kartverket).

Datasetta er med andre ord. Ferske Geodata Til Frukost.


















 TIPS

Den vesle trekanten framom kategoriane i temaveljaren opnar for fleire val. Det kan vera nyttig å sjekka kva som ligg i kvar kategori på denne måten, for å få eit kart med berre dei datasetta du treng.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar