onsdag 19. desember 2018

Registrering av breibandsynskje for Gulen kommune i Nordhordlandskart

Gulen kommune brukar Nordhordlandskart for å la innbyggjarane sine registrera kvar dei ynskjer breibandsutbygging.

På registreringskartet kan du registrera ynskjet ditt.

Her er det ein instruksjonsfilm å sjå på 

Kart over oppdateringar av ynskje kan ein få med emdedding av kart på heimeside med denne koden.

<iframe name="embedMap" title="Adaptive EmbedMap" scrolling="no" frameborder="0" width="600px" height="400px" src="https://www.nordhordlandskart.no/embedded/7e3d1e0b-8593-478f-bd4f-0b77dfef8af4" ></iframe>

Resultatet vert slik:



torsdag 3. mai 2018

Eigedomsgrenser i kartet

Som de kan henda har fått med dykk, har bakgrunns-kartet (Topografisk) «mangla» eigedomsgrenser i det siste.

Dette er avdi Kartverket har endra tenestene sine. Tidligare fekk ein topografisk kart med grunnkart og matrikkeldata, eigedomsgrenser, samla -  medan kartverket no har utelete eigedom i den nye tjenesta.

Difor er det lagt til ein ny kategori i tema som du kan velja. Den heiter Basisdata. Som standard er Eigedom slått på når du slår opp i kartet. Grenser vil syna frå  1:10000 og eigedomstekst frå 1:2500.

I kategorien Basiskart finn du også fleire andre aktuelle datalag som kan slåast av/på etter behov.

Desse datasetta vert spegla direkte fra nordhordland digitalt sin eigen servar på dagleg basis (med unntak av Vegnett. Dette er en WMS fra Kartverket).

Datasetta er med andre ord. Ferske Geodata Til Frukost.


















 TIPS

Den vesle trekanten framom kategoriane i temaveljaren opnar for fleire val. Det kan vera nyttig å sjekka kva som ligg i kvar kategori på denne måten, for å få eit kart med berre dei datasetta du treng.


torsdag 7. desember 2017

Ny funksjonalitet i kartet.

Ved Klikk i kart får du no opp eit måleverktøy i botnen.

Det viser lengda på kvart linjestykke og totallengde.

Kompassrose i kartet.

Det er ny funksjonalitet tilgjengeleg. Kompassrose i kartet.

Du kan slå av og på kompassrosa med knappen heilt nede til venstre.


onsdag 1. november 2017

Ny rettleiing for å leggja inn stadnamn i kartet.

Tommy Veland i Lindås kommune har laga ny rettleiing for å hjelpa deg med å leggja inn stadnamn i webkartet.

Brukar rettleiing for stadnamninnsamling i Nordhordlandskart A3 2016.

1:
Adressa til nye nordhordlandskart er http://a3.nordhordlandskart.no

Fyrste gongen må ein logge inn på høgresida. Hugs å skifte passord fyrste gongen.
Vindauget vil sjå omtrent slik ut,
klikk på ikonet:


Etter at du har registrert deg kan du bruka denne adressa her:

http://a3.nordhordlandskart.no/stadnamnregistrering




2:
Zoom deg inn i kartet til du er på rett plass for å leggja inn eit nytt stadnamn.
  • Du kan bytta bakgrunnskart mens du legg inn stadnamn ved å endra dette heilt nede til venstre.
Når du er ca på rett plass i kartet, klikk på symbolet som er ringa inn.



3:
Klikk på Stadnamnregistrering (med blyant).

4: På skjermen vil dei stadnamna som er registrert komma fram med gule punkt.



På muspeikaren kjem det opp ein blå ring, denne fester du der navnet skal stå og fyller inn felta til høgre.
Trykk «Lagre» og navnet er registrert.
Bruk hjulet på musa til å zoome og venstre mustast for å flytte deg i kartet. 


6:  Om du vil sjå stadnamn som er samla inn tidlegare, klikk på symbolet (blått) og hak av for den/dei kommunane du vil sjå på. 



























Det vert same framgangsmåten med turstiar, klikk i kartet der stien skal gå og skriv ev. namnet på stien, dobbelklikk for å avslutta stien, og «Lagre»





Lukke til.


onsdag 20. september 2017

Nordhordlandskartet vert verktøy for registrering i Nordhordland Biosfæreområde

Eit spanande arbeid med registreringar i Nordhordland biosfæreområde.

I tida framover skal det kartleggjast mange spanande ting i arbeidet med Nordhordland biosfæreområde. At Nordhordlandskartet vert verktøy for regisrering og publisering av funn er me krye av.

Les meir om Nordhordland biosfæreområde på heimesida for prosjektet.

Mellom anna skal lokalmat, produksjon og sal, og overnatting og servering koma i kartet. Vidare attraksjonar i Nordhordland biosfæreområde, naturen og kulturen, og mange andre ting.

Når datafangst har kome i gang vil kartet verta publisert.

I mellomtida kan du ta ein titt på Kulturstien på Stamnes.


tirsdag 19. september 2017

Lindås kommune viser breibandsutbygginga på Nordhordlandskart.




Utbygging av breiband er ei viktig oppgåve og like så viktig er at innbyggjarar får sjå kvar det vert bygd ut.

Lindås kommune har laga eit kart over utbygginga si for 2017


Sjå kartet her. Klikk fullversjon for å gå til større kart.

Teiknforklaring





Klikk fullversjon for å gå til større kart.