torsdag 20. juli 2017

Stadnamninnsamling

Er du interessert i stadnamn? Her kan du finna stadnamn som er samla inn gjennom mange år, dei blå prikkane er henta frå Universitetet i Bergen si stadnamnsamling.


Du kan sjølv bidra med å leggja inn dine namn i kartet, slik som dei gule prikkane viser. Ta kontakt så kan du få tilgang til å gjera dette sjølv og bidra med å ta vare på dei lokale stadnamna.


Har du samla inn stadnamn som du vil dela, kan du gjera som Brynjar Takle, han hadde samla over 5000 stadnamn i Gulen. Dette var lagt inn i eit exel-ark med ein koordinat på lokaliteten til stadnamnet. Heile denne samlinga vart kopla opp i kartet og er no tilgjengeleg i Nordhordlandskartet.





I Meland kommune kan du og få høyra lydfila med rett uttale av namnet.

onsdag 19. juli 2017

Badeplassar og vasskvalitet.

Resultata av vasskvaliteten på badeplassane vert oppdaterte av Miljøretta helsevern i desse dagar, sjekk kartet for din badeplass.

Levande kart nedanfor, eller fullversjonen her.

Er du i båt kan du sjekka gjestehamner med å slå på Gjestehamner under Friluftsliv. Dette gjeld hamnene i Austrheim, på Fedje og Lindås brygge.

(Er du hamnevert kan du senda ein epost til oss slik at me kan leggja til di hamn i kartet)


tirsdag 18. juli 2017

Følg spora etter fortida! Kulturminnesti på Stamnes.

Følg sporet etter fortida.

På Stamnes kan du vandra på ein kuturminnesti fra Parisen, opp Kleivæ, over Stamnesgarden, gjennom Sonnasmåje til Halahaugane og ned att til Parisen.

9 stopp med forteljingar frå ei faren tid, men om ein sentral stad med eit yrande liv.

Har du ikkje gått turen er det å anbefala, ta ein stopp på Halahaugen og sjå for deg det yrande livet i eldre tider. Skutene, folka, handelen …


Denne QR koden startar kartet på smartelefonen din. 
(Du må ha lasta ned ein QR kode app.)

GPSfunksjonen i telefonen kan syne kvar du er i kartet/stien.

God tur.



Klikk i kartet for å flytte eller zoome.





mandag 17. juli 2017

Nødplakaten - lag deg ein du óg.

Eit oppslag alle kan bruka om ulukka er ute og ein skal fortelja nødetenestene ( 110 - 112 - 113 - Luftambulansen) kvar ein er kan vera lurt å ha.Til dømes når du er på hytta, eller anna adresse utanfor heimen.

Du kan laga ein slik Nødplakat frå www.nordhordlandskart.no frå informasjonsvindauga.

Sjå her.

Klikk i kartet på staden du vil laga nødplakat for.

Klikk på knappen med den raude krossen.

Godta at du vil laga plakat og vilkåra.
Det kjem eit framlegg til plakat.
Juster stadnamn om du meiner det er eit anna og godkjenn valet.

Klikk Klargjer for utskrift.
Skriv ut plakat og hugs to viktige ting etterpå.

Ta med plakaten når du dreg på turen.

Forklar alle i heimen korleis dei skal bruka plakaten, det kan vera du som treng hjelpa.

Les opp min posisjon osb, innhaldet her kan redda liv.


Serviceknappar i informasjonsvindauga.

Informasjonsvindauga har serviceknappar du kan bruka for koordinatet du har klikka på.

Vervarsel
Denne knappen koplar punktet du har klikka på til tenesta YR.



















Marinogram
Denne knappen koplar punktet du har klikka på til tenesta frå YR som omhandlar meterologiske tilhøve på sjøen. (Du må klikka i sjø eller hav for å starta tenesta)

Marinogram er vind, straum, bølgjer mm.











Sol og måne
Denne knappen koplar punktet du har klikka på til tenesta sol og måne. Det viser soloppgang og -nedgang og månefasane.


Kva viser eit klikk i kartet?

Klikk i kartet viser kvar du har klikka,









og får fram eit informasjonsvindauga med dette innhaldet.


Koordinat i UTM sone 32, Nord og Øst
Høgde over havet.
Adresse - her Nedre Soltveit 37
Kommune-, Gards- og bruksnummer

Servicetenester har eiga oppføring i loggen

Vasskvalitet på badeplassar

Vasskvaliteten på badeplassane i Nordhordland vert lagt inn i kartet.

Dei er merka som:











Klikk på ein badeplass vil opna informasjon om måleresultatet. Klikk i lista gjev enno meir informasjon og dato for prøvetakinga.

Du kan prøva tenesteknappen for YR, solsymbolet, og slå opp i YR frå kartet.

Det er Miljøretta helsevern som står for prøvetaking og ajourføring av kartet.

Skriv ut kart.

Utskrift av kart gjer du med knappen utskrift i høgremenyen.

Frå denne funksjonen kan det veljast ulike kartutskrifter:
Kun kartinnhald
Situasjonskart til byggesak mm.
Kart med nordpil
Kart med eigendefinert tekst.

Bruk dei andre instillingane for å sy saman det kartet du treng.



søndag 16. juli 2017

Høgremeny

Høgremenyen styrer funksjonane i kartet, hald peikaren over knappen så kjem forklaringa fram


Tips og triks er nyttig å vitja.




Bakgrunnskart

Ulike bakgrunnskart kan du velja med bakgrunnskartfunksjonen.

Det er fleire ulike, bruk pilane fram og tilbake.

torsdag 13. juli 2017

Klikk i kart - frigjer informasjonen!

Klikk i kartet når du har eit aktivt temakart og få meir informasjon om data i temakartet.

Me brukar Skråfoto som døme.


Skråfotolaget syner no ei rekkje kartfesta bilete. Kvart polygon er eit bilete du kan sjå med å klikka på det.

Klikk i kartet og få opp resultatlista.


Klikk på ei line lista og bilete opnar seg i ny fane i nettlesaren.

Her er døme frå Toska i Radøy kommune, med klikk på første line.

Klikk på lenka vis større bilete opnar dette.











Bruk temakart.

Det er to måtar å bruke temakart på. Du kan slå på alle kart i ein kategori frå temakartknappen.




Her er Skråfoto det aktive temakartet.











eller du kan bruka temalistefunksjonen og slå på eit og eit temalag, eller ein heil kategori.

Begge metodar vil resultera i eit kart der Skråfoto vert markert og kan veljast vidare.

Det er ulike temakart å velja, prøv deg fram.


Bruka søkefunksjonen i kartet

Søkefunksjonen oppe til venstre er eit kraftig verktøy til å finna fram i kartet.


Du kan velja ulike søk og berre søkje på det du er ute etter å finna. Søkjer du etter gards og bruksnummer må du hugse på å skriva kva kommune du søkjer etter.

Her er eit søk på fonnebust. Klikk på resultatet og kartet set ein prikk på Fonnebost. Ei resultatliste kan verta stor slik at du kan skrolle deg nedover for å sjå fleire ersultat.


Resultatet i kartet.

Slik kan du søkja etter stadnamn, kartinnhald osb.











onsdag 12. juli 2017

Bruk av kart i heimesider og bloggar. (Embedkart)

Du kan bruka delefunksjonen og laga Embedkart, kart som vert vist i ei heimeside eller i ein blogg som denne.





Velg kart for nettsider.


og gjer dei val du ynskjer.


Lim inn koden i heimesida eller bloggen.
Her er eit døme med eit temalag som syner gamle foto. Koden lagar eit levande kart med mogleik for å flytta og zooma.